ROAR WERNER VANGSNES

ER KLAR TIL Å MØTE OSS TIRSDAG KVELD

Kulturvandring frå Hotellet til Leikanger kyrkje

Leikanger har gjennom dei siste tusen åra vore ein viktig og strategisk plass langs Sognefjorden, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Heilt frå år 800 då Harald Hårfagre vart fødd i bygda, gjennom vikingtida og inn i middel alderen då kong Sverre og kong Magnus kjempa om kongemakta på 1100-talet og fram til i dag som hovudstaden i Sogn og Fjordane.

Leikanger ligg på solsida 90 kilometer frå kysten og , og har eit svært godt klima som gjennom alle år har gitt grobotn for eit godt landbruk og spesielt frukt og bærdyrkinga det siste hundreåret.

Dei naturgjevne områda som omkransar Leikanger er også med å gi flotte opplevingar som både tilreisande og fastbuande set pris på.

Vandringa frå hotellet til kyrkja vil gi ein smakebit på kva Leikanger har å  tilby både i fortid, notid og vegen vidare inn i framtida.

Roar Werner Vangsnes er vår guide. Han er i sin beste alder, fødd og oppvaksen i bygda. Har si utdanning som sivilagronom med hovudfag i frukt- og bærdyrking men jobbar i dag med distriktsutvikling med heile landet som arbeidsområdet og er tilsett i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet med kontorstad i Sogndal. I tillegg er han leiar i Opplev Leikanger, og har vore med å bygge opp mange av dei lokale festivalane som Leikanger har i dag. I tillegg har han eit hjarte for å bruka naturen til alle årstider, og eit spesielt hjarte for skikøyring som har vore ein viktig del livet.

Roar Werner Vangsnes fann seg ei Oslojente for 25 år sidan, og har to døtrer på 19 og 21 år som er på veg av familiereiret. 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

13.02 | 17:21

Takk for inbydelsen. Det hadde vært fint å være ammen med dere, men kan ikke
i år heller. Barnebarnet mitt skal konfirmeres den helga. Håper dere får en fint.

...
07.08 | 01:08

Du er alltid velkommen Bjørg Aaland.

...
06.08 | 19:25

eg kan ikkje melde meg på så tideleg,men viss alt klaffa er eg med ;,

...
28.04 | 12:56

Kan du ringe meg på 930 80 450
Mvh Mette Wister

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE